bibelsyn

Hvilket syn du har på bibelen er avgjørende for hva slags betydning Bibelen har i ditt liv. Forfatter og bibelskolelærer Erling Thu hevder at alle mennesker har et bibelsyn, også de som ikke vet det. I denne artikkelen skriver han om ulike bibelsyn og hvordan de preger oss.

Bibelsynet vårt er dei brillene me les Bibelen med og det som avgjer kva me gjer med det me les. Det er dei førestellingar me har om Bibelen, og påverkar korleis me les og kva fylgjer det som står i Bibelen får for oss i livet vårt.

Bibelsynet er summen av dei føresetnadane og forventingane me har med oss når me les og studerer Bibelen. Slik sett har me alle eit bibelsyn, jamvel om me ikkje er medvitne om det og kan definera det klart. Eg vil i denne artikkelen prøva å sjå på nokre vanlege bibelsyn og sjå kva fylgjer dei får for dei som held eit slikt syn.

Jesus sa: Dei som Guds ord kom til, vart i lova kalla gudar, og Skrifta kan ikkje setjast ut av kraft. (Joh 10,35)

Apostelen Paulus sa: Eg trur alt det som er skrive i lova og profetane. (Apg 24,14)

Begge desse utsegnene avslører eit underliggjande bibelsyn der Bibelen vert oppfatta som Guds ord til menneska og difor var bindande for liv og lære. Folk som har det same synet i dag vert rekna som bibeltru konservative kristne. Me skal seinare sjå kva det inneber.

Den historisk-kritiske metode

Før me forklarer nokre av dei ulike bibelsyn me finn i Noreg i dag må me gå litt tilbake i tid. Rasjonalismen, opplysningstida og det moderne gjennombrotet i naturvitenskapane skapte eit nytt klima for kyrkjene. Mange tok til å stilla spørsmål ved det som stod i Bibelen. Er Bibelen unik? Er Bibelen prinsipielt noko anna for oss enn Koranen er det for muslimane? Kvifor kan me ikkje lesa og studera Bibelen på same måte som Homér, Bhagvadgita eller Snorre? Kan verkeleg dei mirakel som er omtalt i Bibelen verkeleg ha hendt?

Ut frå slike spørsmål vaks det fram ein ny måte å tilnærma seg Bibelen på som me kallar den historisk-kritiske metoden. Med historisk meinte ein at ein ville finna det historiske opphavet og miljøet til tekstane. Ein ville bort frå ei uhistorisk tolking som lettvindt kunne forklara eit ord i Jeremia med eit bibelvers i Efesarbrevet. Kritisk kjem av eit gresk ord som tyder å skilja. Ein ynskte å koma fram til ei nøyaktig tolking i staden for omtrentleg og ukritisk utlegging av Skrifta. Metode innebar at ein ville arbeida medvete, grundig og med rette verktøy. Tolkinga av Bibelen skulle ikkje vera tilfeldig, fromme innskot, men metodisk arbeid. Ikkje mist skulle teksten frigjerast frå alle tidlegare dogmatiske rammer.  Var det ikkje nett det Luther hadde hevda i slagordet sitt ”Skrifta åleine”?

Korleis ulike bibelsyn påverkar forståinga av Bibelen

Bibelsynet får med ein gong fylgjer for tolkinga og forståinga av Bibelen. Bibelsynet handlar mellom anna om Bibelen som læregrunnlag og kjelde for etikk, om kva kristne skal tru og læra, og ikkje minst om kva som er etisk og rett liv og oppførsel.

Biblisisme

Biblisismen sitt utgangspunkt er at kvart ord og kvar bokstav i Bibelen, slik den er gjeven oss på grunntekstane i hebraisk og gresk, er inspirerte av Gud. Ut frå dette har ein kome fram til ein måte å lesa og bruka Bibelen på som ikkje tek omsyn til tekst samanheng, omstende, litterær sjanger og liknande. Biblisisme står for ein lovisk og bokstaveleg oppfatting av det som står i Bibelen der alt får like stor vekt. Ofte vert bibelvers brukte lausrivne frå den bibelske samanhengen. Dette kan få fleire uheldige utslag.

På Jesu tid var farisearane biblisistar. Dei var meir opptekne av bokstaven enn sjølve meininga som låg bak eit lovbod. Jesus refsa dei:

Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjev tiend av mynte og anis og karve, men bryr dykk ikkje om det som veg meir i lova: rettferd, miskunn og truskap. Det éine skulle gjerast og det andre ikkje vera ugjort. (Matteus evangeliet 23,23).

Kyrkjeleg tradisjon

Mange meiner at Bibelen skal lesast i lys av tradisjonane og overleveringane i Kyrkja. Dei hevdar at Bibelen har sitt opphav i Kyrkja og må forståast i samsvar med Kyrkja. Det vert sagt at den enkelte kristne aldri står heilt åleine i møtet med tekstane i Bibelen, men har heile Kyrkja i fortid og notid saman med seg. Difor må Bibelen tolkast i samsvar med kyrkjeleg tradisjon. Denne tradisjonen omfattar alt frå kyrkjemøtevedtak til gudstenesteliv.

Dette bibelsynet fører til at den såkalla kyrkjelege tradisjonen vert sidestilt med Bibelen. Fylgjene av dette synet er at det er berre Kyrkja med pave, biskopar og prestar som kan tolka Bibelen rett, og difor er det ikkje så viktig for vanlege kristne å lesa Bibelen. Det fører også til at det får utvikla seg oppfatningar, skikkar og tradisjonar som ikkje har sitt opphav i Bibelen, ja som til og med kan vera i strid med den lære og praksis me finn i Det nye testamente.

Liberalt, historisk-kristisk bibelsyn

Den historisk-kritiske metoden fekk innpass samstundes med gjennombrotet for utviklingslæra til Darwin. I teologien var dette tida for klassisk liberal teologi. Ein ville frigjera seg frå kyrkjelege og dogmatiske rammer som vart opplevd hemmande i forhold til verdsbilete, naturvitskap, kunst og etikk. I denne frigjeringa frå fortida vart både førestellingar frå middelalderen og Bibelen avskrivne. Det galdt serleg synet på Djevelen, demonar, fortaping, under, og sjølve forsoningstanken knyta til Jesu død. Den historisk-kritiske metode vart ikkje berre nytta til å drøfta mogelege historiske eller geografiske feil, det handla ofte om ”høgare kritikk” eller sak kritikk.

Liberale teologar oppfattar ikkje Bibelen som Guds ord til menneska og om dei snakkar om Bibelen som norm, forstår dei det slik at det er ”kjernen” i Bibelen som er norm. Denne kjernen kan være kjærleiks bodet (Matteus evangeliet 22,39) eller den gyldne regel (Matteus evangeliet 7,12). Ofte vert eit ord av Luther, om at berre dei skriftene som driv oss til Kristus burde vera med i Bibelen, brukt til å skilja ut alt som ikkje passar inn i den moderne tankegangen. Fylgjene er at ting som i Bibelen vert fordømd som synd vert definert som noko kulturelt for den tida det var skrive i og som ikkje gjeldande for vår tid.

Postmodernistisk bibelsyn

For postmoderne menneske finnest det ingen absolutte sanningar eller målestokkar. Det er om å gjera å finna ut kva som er sant for meg! Det postmoderne bibelsynet inneber at ein ikkje studerer Bibelen for å finna ei heilskapleg lære eller eit system der. Ein les heller tekster for å få noko som kan gjera livet rikare gjennom ulike perspektiv på saker og ting. Det kan vera forholdet mellom fattig og rik, farga og kvit, kvinne og mann, skam og ære, men ein ventar ikkje å finna heilskaplege svar. Ofte har ein eit menneskeleg, psykologisk eller politisk perspektiv på bibelforskinga for å avsløra maktgrupper.

Folk med eit postmodernistisk syn på Bibelen stiller seg avvisande til uttrykk som ”Bibelens klare ord” eller ”Guds ord seier”. Slike utsegn vert avvist som ukritisk eller manipulerande. Resultatet er at Bibelen ikkje kan brukast til å finna ei ålmenngyldig rett lære om Gud eller om koss livet levast rett eller Guds vilje.

Apostolisk/konservativt bibelsyn

Kristne med eit apostolisk bibelsyn ser på Bibelen slik Jesus og apostlane i Det nye testamente gjorde. Det som er avgjerande for dette bibelsynet er det Bibelen seier om seg sjølv.  Dei seier at Bibelen er Guds ord, at heile Bibelen er inspirert av Gud, og at Bibelen er klar, heilskapleg og tilstrekkjeleg for alt som har med livet å gjera. Dei søkjer å finna forklaringar på såkalla feil og motseiingar i Bibelen samstundes som dei innser at Bibelen har ei menneskeleg side. Bibelen er jo skriven av mange uliker menneske med ulik bakgrunn og dette set sitt preg på skriftene, men Gud bruker dette til å formidla sitt ord og sitt hjartelag på ein måte me kan forstå.

Kristne med eit apostolisk bibelsyn trur at det er ei progressiv openberring frå Det gamle til Det nye testamente. Det inneber at Det gamle testamente må forståast i lys av Jesu liv og lære slik det er formidla til oss gjennom apostlane i Det nye testamente.

Kristne med eit apostolisk bibelsyn kjenner seg bundne av det Bibelen seier i dogmatiske og etiske spørsmål i vår tid, til dømes i spørsmål om kvinners og menns rollar i heim og forsamling. Dei kjenner seg forplikta til å tru, tenka, læra og leva i samsvar med den samla bodskapen i Bibelen.

Kristne med eit apostolisk bibelsyn er trygge i si tru på Bibelen som Guds ord og lever med stort frimod etter det Bibelen seier. Dette trygge ankerfeste i Guds ord gjer at dei kan møta andre livssyn og radikal bibelkritikk utan å verta vippa av pinnen. Gjennom si tru og etterleving av Jesu lære har dei opplevd at læra hans er av Gud. Guds ord verkar med andre ord i livet deira, på ein slik måte at dei opplever og erfarer at Gud stadfestar det han seier på overnaturleg vis, slik me ser det skildra i Evangelia og Apostelgjerningane.

Tekst: Erling Thu